NÅLI I FLAMMAR EIN KLATREFØRAR
START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget
FILMVEGGEN
Det skal god fantasi til for å sjå noko som helst, men det skal altså stå I LUE her ein stad. Oppe i veggen. Det er eit varsel, seier dei gamle. Ingen skjønar korleis eit berg skal kunna brenna, men så har ingen vore her med bensindriven drill ennå. Det har elles gått fleire store ras her dei åra det har vore klatra i Nåli, for det meste i vårløysinga. Det største og meste har kome mellom Filmveggen og Palmaveggen. Det er plass for parkering i den skarpe svingen under Pillaren. Gå over grøfta og opp "stien", på grov og tilgrodd ur rett mot veggen.
1. Natural Born Drillers 6+/7- bb snufeste 16 m
Dieder, sva og vegg. Eller noko slikt, berre ikkje vegg. Ikkje så mykje dieder heller. Kanskje litt sva. Ikkje heilt sva heller. Tynn, akkurat som denne beskrivinga.
Lars Gjerdåker, 3. juni 95
2. Bursdagskameratane 5+/6- bb snufeste 17 m
Sva, vegg og dieder. Ikkje så mykje sva. Ikkje vegg heller, eigentleg. Men dieder, eit lite stykke, i starten, kanskje. Interessant start. Interessant opptak frå "hylle". Interessant berg. Hardt og seigt. Det var bursdag og batteriet var nylada. Det blei to fine ruter, ei til bursdagsbarnet, og så denne, då, til begge.
Lars Gjerdåker, Ivar Vatne, 3. juni 95
3. Bursdagskameratane II 6- bb snufeste 18 m
Bursdagskameratane kjem tilbake, men bommar stygt på dato! To gonger! Og kva så? Ruter blir det, uansett. Og alle er brukande! Denne kan du til dømes bruka somøvingsoppgåve i fotarbeid, om du interesserer deg for slikt. Fottaka er fleire og betre enn du trur, og håndtaka er gode nok! Så slutt å klaga og gå vidare!
Lars Gjerdåker, Ivar Vatne, 12. juli 96
4. The Drilling Fields 7/7+ bb snufeste 20 m
Dette skulle bli ei lett rute. Skivebom. Men det blei ei svært fin rute, seier dei som er gode nok til å klatra ho.
Stig Amundsen, Lars Gjerdåker, sept. 96
5. Drill or Be Drilled 7+ bb snufeste 20 m
Den midtre av dei tre særdeles fine rutene som vart bora i april 96 og reinska og gått utover sommaren og hausten.
Lars Gjerdåker, Stig Amundsen, sept. 96
6. Drill, Pussycat, Drill, Drill, Drill! 7+/8- bb snufeste 19 m
Nydeleg klatring på lister.
Stig Amundsen, Lars Gjerdåker, Narve Rio, 16. juni 96
7. From Dusk till Dawn 7- bb snufeste 30 m
Endå ei flott rute. Denne startar inne i diederet rett til høgre for nr 6. Kan kjennast att på den bøygde hengaren på fyrste bolten. Variert og jamnt vanskeleg klatring alle dei tredve metrane.
Stig Amundsen, Lars Gjerdåker, juni 96
Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.no | startsida
|