NÅLI I FLAMMAR EIN KLATREFØRAR
START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget
GRØNO
Ein vårdag i 1992 starta to taulag frå Voss Klatreklubb på kvar si side av ein portalliknande formasjon i den delen av Nåli som vert kalla Grøno. Planen var å leita etter naturlege liner heilt opp den 100 meter høge veggen. Dei hadde "sett på" han før, men hadde ikkje mykje å halda seg til. Så vidt dei visste hadde ingen klatra i Nåli før, dei hadde rett nok ein mistanke, men han er aldri blitt bekrefta, i alle høve ikkje til bruk for offentligheita.
Etter ei taulengd møttest begge taulaga på ein hammar til venstre, dei naturlege linene såg ut til å stansa der. Dei firde seg ned frå eit tre og ga seg for dagen. Litt skuffa var dei sikkert, men klatringa i Nåli var i gong.
Så fekk Grøno vera i fred heilt til Dørsprikken vart leda på naturlege sikringar ein varm aprildag i 1994. Frå ei hylle kunne hovudblokka i Grøno brettast ut. Same dagen blei Ørn tek ikkje ungar bora og opna, Maur på alle trinn blei klatra, og det vart topptaua litt her og der.
Dette var innleiinga til ein periode med stor aktivitet. Klatrarar vermde seg i sola, saman med hoggormane, heilt fram til regntida sette inn i slutten av mai. Grøno blei samlingsstaden den våren, heile familiar la sundagsturen hit og skarpklatrarane tok pause frå boringa på Pillaren og kom for å sjå andre spisa maten sin. Då sommaren tok slutt var ni korte ruter opna og ei var under arbeid, i vanskegradar frå 4 til 7.

Grøno ligg vakkert til, med utsyn over Horvei og Bolstadøyri. Det vert tidleg vår her, noko som forklarer det lokale namnet. På soldagar kan det verta hett, men så lenge det er snø å smelta renn det ein kjølig, fin dusj i rutene til venstre for Ørn tek ikkje ungar. Portalen er alltid våt. Men hovudblokka tørkar fort etter regn, og fjellet er for det meste fast.
Anmarsjen kronglar seg frå parkeringsplassen i den skarpe svingen i Geilanevegen rett opp gjennom urskog til Pilaren og vidare trangt og maurete langs veggen forbi Hybelen og nokre boligblokker som kom ned med eit brak vinteren 94 og skremde opp fleire enn ormane i ormebola rett nedanfor.
Likevel kjem folk stadig attende til Grøno. Sjølv om rutene står tett, vil nok dei initiativrikaste etter kvart prøva seg vidare oppover. Det har alt vore klatra eit stykke rett opp frå toppen av Ørn tek ikkje ungar, og det vil ikkje vera unaturleg å utforska grensetraktene til begge sidene. Hammaren til venstre blei topptaua under den historiske ferda i 1992, vinteren 1994 blei han klatra på av nokre Bergensarar, og til høgre står det ei nål og roper så det høyrest heilt til Hamar.

1. Ukjend
Denne veit me lite om, berre at det har vore klatra her, av nokre smilande fjes med bydialekt, og at det er ein bolt å sjå, oppi der, ein stad. Og at det vart topptaua her under ekspedisjonen i oldtida, sjå 3. Oldtida.
2. Vår 5- nat snufeste
Innsteg til venstre for Oldtida I, vil me helst tru. Held seg etter alt å døma til det venstre av dei to tydelegaste overlappingane langs kanten mot hammaren til venstre, medan den historiske linja frå 92 gjekk over i det høgre, så rundt ei hengjande ur, og til slutt opp på hammaren. Nåvel. Folkehøgskulen var her i 96. Snufeste vart bora, over ei lita hylle. Det manglar ein ring. Eit nytt snufeste er sett inn under hylla, ruta vert då lettare (4-/4), ei fin begynnarrute på naturlege sikringar. Sjå nummer 4.
Lars Rogstadkjernet, Egil Brandseth, 20. mars 96
3. Oldtida I 5- nat 30 m
Saman med Oldtida II fyrste ruta som blei gått i Nåli, så vidt me veit. Dei to taulaga starta samstundes og møttest på hammaren til venstre etter å ha freista å finna naturlege linjer vidare opp. Det gjekk ikkje. Nedfiring frå tre. Historie.
Tore Gjelsvik, Arnfinn Gjerdåker, juni 92
4. Prosjekt - snufeste, sjå rute 2.
Startar på kanten mot "portalen", der vatn renn og fuglar syng, graset gror, og klatrarar laugar seg i sommervarmen. Dette er sjølvsagt poetisk tøv, og tener ikkje til anna enn å sleppa å skriva om ormane. For ikkje å snakka om kven det er som har eit prosjekt her?
5. Nytida 7 bb snufeste 15 m
Tynt sva. Ruta vert lettare dersom ein nyttar ståande lister og kant ute til høgre, men då er ein over i naboruta. Rutene ligg tett i Grøno.
Lars Gjerdåker, 2. juli 94
6. Oldtida II 5- nat snufeste 30 m
Saman med Oldtida I fyrste ruta som blei gått i Nåli. Ruta gjekk den gongen heilt opp på hammaren til venstre. Nå er det snufeste der den finaste klatringa sluttar, etter 15 m.
Lars Gjerdåker, Jarl Atterås, juni 92
7. Edderkoppkvinnen 5- nat snufeste 14 m
Denne opplagte kaminen fekk stå i fred gjennom ein elles travel sommar. Til sist var det ei som skjøna kva som måtte gjerast. Snufestet er Ørn tek ikkje ungar sitt, men.
Evy Ann Berg, haust 94
8. Ørn tek ikkje Ungar 5- bb snufeste 14 m
Fin rute på sva til høgre for avrunda kant. Frå toppen av ruta kan du gå på hylle til snufesta for dei andre rutene. Lengst borte prøver ein busk å dytta deg ut over kanten. Det er ein bolt i blokka bak busken, vert det sagt. Ennå er det ingen som har funne han.
Lars Gjerdåker, Ivar Vatne, Gunvor Bråten, april 94
9. Tommy og Tigeren 6- bb snufeste 14 m
Kven som er Tommy og kven som er Tigeren er det ingen av dei som vil seia. Kan hende Tigeren er han som såg sitt snitt til å leia ruta som Tommy hadde bora, medan Tommy var oppteken med å øva inn ei anna rute, på Pillaren, ei rute som han heller ikkje fekk ... nok om det! Vannballong er betre enn pistol. Sva. Tynt opptak midt i ruta.
Eit nytt tak har sidan dukka opp, i crux'et, etter ein periode med regn og stein og snø og is. Ruta er nå 6-. Ho var 7-. Det var då som bare ... vel vel.
Stig Amundsen, Lars Gjerdåker, mai 94
10. Dørsprikken 5+ nat snufeste 14 m
Døra til Grøno. Her vart fyrste ruta gått, på naturlege sikringar. Fin rute langs gode kantar. Godt sikra på 5+ punkt øvst i ruta. Nedste delen blei gått utan sikring under fyrstebestiginga. Etter at naboruta til høgre blei bora er det freistande å nytta boltane til denne ruta her. Ein friend nr. 4 har vore prøvd, men mest for å få brukt han.
Lars Gjerdåker, Ivar Vatne, april 94
11. Dørkarmen 6+ bb snufeste 14 m
Start rett til høgre for Dørsprikken. Rutene kan lett blandast i nedste delen. Crux i øvste delen.
Lars Gjerdåker, 3. juni 94
12. Maur på alle trinn 5- nat snufeste 14 m
Eit 5-"punkt" i utsteget kan kjennast lettare etter at snufeste kom på plass og ein ikkje lenger treng snika seg vidare opp på hylla. I tilrettelagd utgåve er det firerklatring og botanisering. Fjellbeite. Frodig og laus i midten, tynn i toppen, akkurat som .. nok om det. Dei vegetabilske taka er mest til hinder. Sjeldne sikringsmetodar. For spesielt interesserte.
Lars Gjerdåker, Ivar Vatne april 94
13. Batteriet, igjen! 6+ snufeste 13 m
Tynt sva. Boringa vart starta i 94, og heller ikkje fullførd i 97. Det vart brukt ein førehandsplassert liten kile under opninga, og kvifor ikkje? Mix?
Terje Lydvo, juni 97
14. Skoleruta 4+ nat snufeste
Markert dieder. Skulen er Folkehøgskulen på Voss. Snufestet manglar førebels ringar.
Lars Rogstadkjernet, 95
15. Smak av honning 6+ mix snufeste
Risset til høgre for Skoleruta. Kilesikra, ein bb. på crux'et. Tungt og litt sært sikra i starten, elles godt. Me er ikkje heilt sikre på grunnen til namnet. Bier? Veps? Fin rute? Me satsar på det siste.
Lars Rogstadkjernet, 20. mars 96
16. Prosjekt snufeste
På blokka til høgre i feltet. Ledig, i fylgje Lars Rogstadkjernet, som har montert snufeste. Kan hende det får venta til han kjem att? Folk har venta på fullføring av prosjekt før. Somme ventar ein på ennå. Etter alle desse åra. Me skal ikkje gå nærare inn på den saken.
Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.no | startsida
|