NÅLI I FLAMMAR Nåli frå aust © Ivar Vatne EIN KLATREFØRAR

START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget

TILKOMST

Horvei ligg fire kilometer frå Bolstadøyri, som lenge berre var ein stasjon på Bergensbanen. Ein kunne koma hit med tog, eller båt av og til, om straumen ved Straume ikkje var for sterk. Så blei jernbanen lagd i røyr, og deler av den gamle jernbanetraséen blei til veg mellom Bolstadøyri og Evanger. Frå Evanger var det alt veg til Voss, for spesielt interesserte. Berre dei bil- og sjøsterkaste orka tanken på den intensive blandinga av slalom og berg- og dalbane. Til slutt kom stamvegen mellom Bergen og Oslo, eller Oslo og Bergen, om ein vil se det slik. Nå finn du Bolstadøyri 30 km vest for Voss, 80 km aust for Bergen, lett, med ei hand på rattet. Om du ikkje kjem med lokaltoget, då.

Kart over Bolstadøyri med Nåli
Kart over Bolstadøyri, med Horvei og Nåli. Jernbanen går mellom den innteikna stamvegen og elva, det er haldeplassar ved Bolstadøyri og Vassenden. Legg merke til parkeringsplassane under Nåli!

Det er lett å ta feil av himmelretningane rundt Bolstadøyri. Ein vil gjerne ha det til at dalføret går aust-vest. Det gjer det nok, men den freda lakseelva tek seg her ein sving sørover, borer seg gjennom moreneryggar og rundar eit høgdedrag midt i dalføret. Dette gjer landskapet rikare, men noko forvirrande. Vidare renn elva under Drivo, som byr på seriøs isklatring. Nord for elva ligg Horvei, på ein vid elvebakke. Og over Horvei heng Nåli.

Tilkomst og parkering

Horvei finn ein frå Voss ved å ta av frå stamvegen ved Vassenden, der det er bru. Frå Bergen kan ein ta av ved Bolstadøyri stasjon, over jernbru, skarpt opp til høgre, forbi vegen som tek av til Øvstedalen, forbi Rongen skule og Rongen gard, under nokre berg og over ein bekk og vidare langs elva utan å få meir enn eit glimt av Nåli, som ein til gjengjeld får sjå i heile sin bredde og prakt etter at ein har svingt av til venstre og kjem opp til Horvei.

For å finna opp til veggen lyt ein ta grusvegen til Geilane og Rørgo hyttefelt, sjå etter treskilt. Ein rundar "slottet", Knut Horvei si gamle diktarstove i dragestil, til høgre, og held fram gjennom ein lang venstresving til bom, med bompengeboks. Vidare opp mellom hus og over ei ferist. Det er plass for parkering i ein skarp sving like under Pillaren i den sentrale delen av Nåli, men dei fleste køyrer vidare opp til tunnellen, der ein kan starta klatringa med sjølvforankring i tilhengarfestet på bilen.

Framferd

I svingen under Filmveggen er det av og til eit bord, og ein grill. Desse er sette opp av og for for bygdefolka, som liker å gå tur her. Det betyr ikkje at det er fritt fram for grillparty og søppeltømming. Bruk naturvett. Det gjeld heile området, som har ein særprega vegetasjon og eit rikt fugleliv. Det ikkje lenge sidan det hekka eit hubro-par her. Det finnst flaggermusreir under fleire av dei lause flaka. I det heile tatt. Det er kan hende unødvendig å skriva meir om dette, men her kjem det likevel:

Fjern søppel, hogg ikkje tre, lat orkideane stå, plukk ikkje bergfrue, riv ikkje ned reir. Far stillfarande fram. Om alle oppfører seg som vande friluftsfolk får me kan hende halda fram med å klatra i Nåli. Nåli er ei klippe som krevjer bolta ruter. Grunneigarane vil kva tid som helst vera i sin fulle rett til å forlanga alle installasjonar fjerna frå utmarka deira. Bolta ruter er installasjonar. Me klatrar her på grunnlag av eigarane si velvilje og vår gode framferd.


Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.no | startsida