NÅLI I FLAMMAR EIN KLATREFØRAR
START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget
VESTVEGGEN
Det hang eit tau her, i mange år. Tre, eller var det fire? Fem? Me veit ikkje. Me hugsar ikkje så langt. Etterkvart har det vore folk her óg, og ikkje berre tau. Taua heng der, like fullt. Denne delen av Nåli er framleis lite besøkt, og det er kan hende like greit. Det er etterkvart så mange boreboltar i veggen at det kanskje kan halda ei stund. Framtidige klatrarar vil kan hende finna andre måtar å nærma seg klipper av denne typen på. Så langt har det berre vore klatra tekniske ruter her, men det er kan hende potensiale for klatring på naturlege sikringar, for ikkje å snakka om fosseklatring.
Fossen
Lengst vest i Nåli renn det av og til ei strime vatn. Me får kalla henne Fossen, og forsøka å unngå forvekslingar med fossen aust ved Stigen, der det til gjengjeld er snakk om ein permanent og høgst verkeleg foss. Det får vera som det vil. I alle høve er det vått rundt denne fossen også, av og til. Og han frys til om vinteren. I den tilstanden har han så langt berre vore forsøkt klatra. Einaste ruta ved fossen er teknisk.
1. Maritim lykke A1 tekn 2 tl (A1, A1)
Innsteg ved stor blokk 15 m. til høgre for ei strime med rennande vatn. Risslinje opp til snufeste 25 m. over bakken. Ned og pendel til høgre. Riss vidare til stand, Boreboltar. Videre opp trangt dieder og ut stort takoverheng til stand.Luftig. Retur sannsynlegvis best frå andre stand til snufestet som er nemnd ovanfor, ikkje til fyrste stand. Der kilte tauet seg under fyrstebestiginga, som vart gjennomførd under maritime forhold. Friends 0,5 til 4, kiler, knivblad, to små skyhooks, dobbeltau.
Lars Rogstadkjernet solo, jan. 96
Vestveggen med Spydet
På avstand ser ein tydeleg ein stor formasjon som liknar ein ståande spydspiss, ja med litt fantasi kan ein sjå eit heilt våpenarsenal, med dolkar, knivar og sverd. Det ser ille ut. Så er det heller ikkje mange som beveger seg hit, og rutene som er klatra er tekniske.
2. Hverdagspsykopaten A3+ tekn 3 tl (A2, A3+, A2) 100 m
Vanskeleg teknisk klatring forbi laus blokk i toppen av andre taulengd. Fyrste og tredje taulengd er lette. Knivblad, birdbeaks, copperheads og skyhooks. Rappell ned ruta, bind fast tau i andre stand.
Stein Ivar Gravdal, Gunnar Karlsen, Tore Tjelmeland, Dag S. Kaada, vinter 95
3. Ukjend
Til høgre for Hverdagspsykopaten heng det eit tau. Det er håp i hengande snøre. Men håpet falmar med åra, akkurat som tauet.
4. Teddy A3+ tekn 3 tl ( A2+, A2+, A3+) 90 m
Pillar på Vestveggen. Andre taulengd gjev svært fin klatring i tynt dieder. Tredje taulengd er vedvarande tynn og vanskeleg, med mykje skyhooking. Knivblad, birdbeaks, copperheads og skyhooks. Rappell ned ruta.
Bernt Ove Reinertsen, Gunnar Karlsen, Stein Ivar Gravdal, vinter 95
5. Bakstikkeren A3 tekn 40 m
Vedvarande vanskeleg teknisk klatring. Skyhooks, birdbeaks, små kiler.
Stein Ivar Gravdal solo, februar 96
Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.no | startsida
|