NÅLI I FLAMMAR Nåli frå aust © Ivar Vatne EIN KLATREFØRAR

START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget

INNLEIING

Dette er ein klatreførar for Nåli, ei vid, høg og bratt klippe på Horvei ved Bolstadøyri. Føraren inneheld rutebeskrivingar fulle av feil, soga til Voss Klatreklubb i ei ikkje autorisert utgåve, to intervju av tvilsam karakter, ei joleforteljing frå Mallorca, og teikningar av kyr.

Nåli 1. juli 2010 © Ivar Vatne

Dette er ei personleg heimeside. Ingen oppdragsgjevar, ingen sponsor, ingen organisasjon står bak. Mellom organisasjonane som ikkje står bak denne sida er Voss Klatreklubb.

Nåli i Flammar © Ivar Vatne

Her skal der brydes Adskillig Text, og det av en Kritisk og Undersøgende Aare. Tillige vil der bringes Nyt fra Egnen, saaledes een med Ofverlegg Forsenet Omtale av den af vore Lokale Krefter Publiserede Bog Treskjæring i Fire Dimensjoner. Ved Samme Anledning vil Een berøre Udviklingen inden den saa Meget Omtalede Kunst at Bemøble Ikke-eksisterende Interiører med Tabt Inventar. Hvad dette sidste dog har med Bestigning af Bjerge at gjøre, forbliver uklart, og sliig maa det ogsaa være, saa meget mere som den Søgende stedse kun Griiber i Sand og den Rejsendes Spor er at ligne med Røg i Vind.
Fra I. Bloch Wathne: Fremtidsminder i Udvalg - ikke utgitt 1944
Revidert utgåve ved Vegar Utne 2008

Opphavsrett

Føraren finnst berre i denne elektroniske utgåva, med unntak av nokre få trykte eksemplar i utvalde personar sitt eige. Ta gjerne utskrift til eige bruk. Gje også utskrifter vidare til andre, men berre gratis.

Ansvar

All bruk av klatreføraren skjer på eige ansvar. Det same gjeld all klatring i Nåli. Boltar vert ikkje systematisk kontrollerte, og ingen garanterer for holdbarheten deira. Dei fleste rutene må leiast frå bakken, det er berre i Gråberget ein kan koma til og inspisera snufestene og setta opp topptau. Besøkande har til tider sett att snorer for å kunna trekka opp tau. Dette er ein lite gjennomtenkt strategi. Ver skeptisk til all tilrettelegging, og hugs at boltar er forgjengelege. Sjølv fjellet er forgjengeleg. Det kjem stykkevis og langsomt, men sikkert ned.

Allmenne Omsyn

Rutene i Nåli er ikkje laga med tanke på organisert eller kommersiell verksemd. Det vil vera fint om klatringa får skje med respekt for naturen i Nåli, for grunneigarane og lokalbefolkninga, og for rutesettarane. Alle reglar for utstyring av ruter er utforma av sjølvoppnemnde autoritetar, og varierer fra stad til stad. Kan hende det er best at rutene i Nåli får vera som dei er. Skulle dei forandrast, måtte det vel helst vera for å tilbakeføra berget til sin opphavelege tilstand, om noko slikt ein gong vert krevd.

Rutebeskrivingane

Rutebeskrivingane er, av grunnar me ikkje gjerne vil gå inn på, berre delvis skrivne på grunnlag av eigen erfaring. Førstebestigarar har naturleg nok fått uttala seg. Andre har vore høyrde på. Me seier ikkje meir. Takk til alle!

Ruter på ei taulengd har berre ein fyrstebestigar. Det kan ikkje vera annleis. Men ofte er det to eller fleire som har vore saman om å finna, reinska, bolta og opna ruta. Når tilgjengelege opplysningar gjer det mogleg, for ikkje å snakka om tilrådeleg, og når det til overmål er semje om kven som er førstebestigaren, vil denne verta nemnd fyrst. Nokre ruter på meir enn ei taulengd har vorte opna i fleire omgangar, av ulike taulag. Også andre prosjekt har vorte fullførde med skiftande deltakarar. Dette kompliserer biletet og gjer det vanskeleg å vera rettvis.

Korreksjonar

Rutebeskrivingane vil til ei kvar tid vera fulle av feil. Dette er i seg sjølv ikkje gale. Slik er det med livet óg. Men noko vil ein alltid kunna retta opp. Det vil avhenga av at opphavsmannen til desse sidene mottek korreksjonar og ny informasjon.


Denne sida vart sist endra 14. september 2010 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.com | startsida