NÅLI I FLAMMAR Nåli frå aust © Ivar Vatne EIN KLATREFØRAR

START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget

GRÅBERGET

Drabantklippa Gråberget ligg rett under Grøno i Nåli, og ein kan ta seg ned derfrå gjennom tilvokst ur. Det er lurt å halda litt til høgre gjennom ura først, og så gå ned til venstre langs ei skjæring. Ein vil då ha toppen av Gråberget på høgre hand, men ingenting av dette er lett å oppdaga. Terreng for spesielt interesserte.

Ein kan elles køyra inn under Gråberget og parkera ved den private saga, berre sjå til at ein ikkje står i vegen for nokon. Over bekken og opp til berget. Unngå dyrka mark. Kyr beiter her, av og til, ennå. Kan hende.

Manipulert Q © Ivar Vatne 1997

Blokk Vatne

Blokk Vatne er innandørsveggen på Voss Jordbruksskule flytta utandørs. Her kan me snakka om å "legga til rette"! Det er boltar og ringar overalt. Rutene står tett. Det går til tømes an å leia rute etter rute frå høgre eller frå venstre, eller alle samstundes på kryss og på tvers. Alle rutene har eigne snufeste, etter 10 meter og to klipp. Ute til venstre kan ein med litt varsemd kliva opp på hylla over blokka og nytta ringboltane til å fira seg ut og setja opp topptau, men det er ikkje nokon god idé å topptaua frå ringane over hylla, då vert det oppriven taustrømpe. Eller ein kan verta ståande på hylla og sjå på etasjane i høgblokka over. Eller ein kan filma frå hylla. Ein kan spisa matpakka på hylla. Ein kan laga middag på hylla og sova på hylla. Det er så mange boltar og ringar og fasttau at ein kan bu på hylla. Nåvel. Så langt har ho vore nytta som standplass under kameratredningskurs. Elles kan Blokk Vatne brukast til trening, om ein vil verta betre å klatra. I alle høve blir ein betre til å vera merksam på lause tak.

1. Kor blei det av dørhåndtage? 5- bb snufeste 9 m
Kort, bratt, og lett. Midtpartiet kan få ein til å tenka på kalkstein, men det er det ikkje, så ikkje stol på fjellkvaliteten!
Håvard Styve, Ivar Vatne, 18. april 96

2. Eg ska' trega deg igjen 5 bb snufeste 9 m
Kort, bratt og litt mindre lett enn Kor blei det av dørhåndtage? Taka som ser gode ut nedanfrå kan vera skuffande negative og glatte, men det er nok å velja i. Gesimsen ein passerer midt i ruta er eigentleg ei bru, det høyrest på lyden, og den spisse, framspringande blokka rett over kjennest av og til ut som om ho rører på seg, om ho ikkje alt er borte når de kjem
Det kan godt henda. Vurder fjellkvaliteten og vis varsemd!
Håvard Styve, Ivar Vatne, 18. april 96

3. Kor blei det av skilpaddå? 5 bb snufeste 9 m
Kort og bratt. Denne fyrste ruta i Gråberget gjekk opp på hylla i 95. I 96 vart det sett inn snufeste under hylla for å unngå filing av tauet. Eit skilpaddehovud som stakk fram vart fjerna med eit lett kakk med hammaren. Det var freistande å henga på hovudet medan ein klipte andre bolten, noko som før eller seinare ville ha ført til bakkefall. Ein bør heile tida vurdera taka ein heng på, fjellet sprekk i tynne skiver og kuttar fingrar som barberblad.
Håvard Styve, Ivar Vatne, sommaren 95 og 18. april 96

4. Kor blei det av deg? 5+ bb snufeste 10 m
Den finaste av dei fire fyrste rutene i Gråberget. Alle rutene gjekk gjennom ein del naudsynte forandringar før dei berre måtte erklærast for opna. Me trur at mesteparten av det lause nå er kome ned. Resten tek sikkert vinden. Pass på!
Håvard Styve, Ola Bjørnar Styve, Ivar Vatne, juni 96

5. Prosjekt bb snufeste
Vekksmuldrande fjell i starten, layback langs relativt fast kant vidare opp til hylla. Mogleg å gå til snufestet for Ikkje akkurat brus og iskrem,men det er meininga å føra ruta vidare rett opp frå hylla til ringar.

6. Ikkje akkurat brus og iskrem 5 bb snufeste 11 m
Brattare enn ho ser ut til. Kjekkast å halda seg ut til venstre. Dårleg fjellkvalitet i midten gjer ruta litt tvilsam
Stygg for fingrane. Heile greia kan godt finna på å falla ned, ein dag. Mykje openbert laust er alt bikka ut, men.
Ivar Vatne, Harald Aldal, 17. mai 97

Punkthuset

Resten av Gråberget, alle etasjane. Laus i botnen og kompakt i toppen. Om lag 3 meter overhengande og 25 meter høg, på midten. Ser ut som den eine sida av eit gammalt elvegjel, men kvar er det blitt av den andre sida? Har me ein geolog i nærleiken? Etterkvart har me skjøna kvifor det låg så lite stein under berget før me tok til å reinska. Fyrst tok me det som eit godt teikn. Men berget såg ikkje fast ut. Me har gjort observasjonar, og har forklaringa. Det er så laust at det bles bort med vinden.

1. Prosjekt bb snufeste

2. Prosjekt snufeste

3. Prosjekt snufeste

4. Prosjekt snufeste

5. Naken uten kalk 6+ bb snufeste
Til høgre i berget. Lars Rogstadkjernet lyste ut prosjektet som ledig i 95, ferdig bolta, det mangla berre ein hengar. Ingen respons. Til slutt måtte han opna ruta sjølv.
Lars Rogstadkjernet, august 97

6. Prosjekt snufeste
Til høgre for nr. 5.
Ledig.

Nåli frå aust © Ivar Vatne
Frå 4H sin landsleir 2000, tredje dagen klarna det opp, og deltakarane kunne kvila seg i sola under Gråberget når dei ikkje hang og dingla i lause lufta.


Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.no | startsida