NÅLI I FLAMMAR EIN KLATREFØRAR
START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget
TUNNELLEN
Det er fleire grunnar til at Tunnellveggen er populær, av dei er parkeringsplassen god nok grunn åleine, her kan ein sitta i bilen og sikra! Nåvel, rutene er korte og morosame, til dels fine, somme er ikkje for vanskelege, og det er større utfordringar i nærleiken. Dette vert sjølvsagt ein samlingsstad, og plassen dei fleste finn fram til fyrste gongen dei er i Nåli. Dei mest klatra rutene er Stoltheiti, ei fin begynnerrute, og Pussefanten, eit skritt vidare i vanskegrad, men ikkje umuleg sjølv om ein ikkje har klatra så lenge. Rutene er for det meste tett bolta, men ein skal vera merksam på hule flak og tynne flatbrød, somme plasser skal ein ikkje belasta taka for mykje!
Alt i alt er det mykje å ta seg til her ved tunnellen, og gidd ein å gå nokre skritt bortover mot Fyrsteveggen kan ein ha gleda av å klatra Mann med Hatt og kan hende begynna å "sjå på" fyrste taulengda av Fyrsten.
Dei fleste rutene gir jamnt loddrett klatring,, det gjeld for øvrig heile Nåli. Det typiske her ved tunnellen er ei veksling mellom belter med tynne og belter med enorme tak. Dette er bestemt ikkje kalkstein, men ein finn formasjonar her som får ein til å tenka på, tja - Mallorca?
1. Hurra for den ellevte mai! 5- bb snufeste 19 m
Startar der den opprinnelege Gartnarskulen gjekk. Opp på hylle, godt ut til venstre, layback (5-). Vidare morosam klatring på gode tak. Ligg unna kanten og renna til høgre, det er juks, og ikkje finare klatring heller! Takk til Lars Gj. for snufeste
Ivar Vatne, Harald Aldal, 11. mai 97
2. Gartnarskulen 6+/7- bb snufeste 23 m
Med ny, direkte start er dette blitt ei meir samanhengande, fin rute. Det heng ofte att karabinar på tredje og fjerde bolten etter helgebesøk, frå andre deler av verda, utanfor Voss. Takk skal de ha!
Lars Gjerdåker, 4. august 94, ny start 11. mai 97
4. Stoltheiti 4+ bb snufeste 18 m
Det var ein lukkeleg dag for Nåli då denne ruta kom opp. Bratt firerklatring på gode tak. Kan verka laus nokre stader, mest fordi det lét hult, håper me. Den mest klatra ruta i Nåli. Kjøyra, parkera, klatra, drikka te, reisa heim.
Gry Tveit, Sissel Ingeborg Himle, 4. august 94
5. Ringaren i Notre Dame 7-/7 bb snufeste felles med Gartnarskulen 23 m
Forlenging av Stoltheiti opp gjennom overheng, med radikal auke i vanskegrad. Må reknast som eiga rute, og vert dermed litt ujamn.
Lars Gjerdåker, 4. august 94
6. Rivningsgården (Så går vi rundt om en enerbærbuskbusk) 6 bb snufeste
Radikalt, men naudsynt reinska i toppen. Ei blokk på storleik med ein garasje sto her og rikka på seg. 3-4 tynne rørsler i starten, så parademarsj på gode tak før eit kort opptak frå den nye terrassen opp til snufestet. Til høgre står det ennå ei laus blokk og gøymer seg i ein busk, det er freistande å nytta henne til å stemma seg opp på. Det kan gjerast, men -
Ivar Vatne, Lars Gjerdåker, 19. juli 96
7. Riksantikvaren 6+ bb snufeste
Tung start, som delvis kan omgåast ved å starta hjå naboen, men berre delvis. Graderinga gjeld start direkte under fyrste bolten. Over ruta heng ei laus men freda blokk rimeleg fast i ei einerbærbuskrot.
Lars Gjerdåker, Ivar Vatne, 20. juli 96
8. Den stygge andungen 6 bb snufeste 14 m
Tre mann opna denne delen av Nåli i mai 94. Planen var å gjera noko heilt anna, dette såg for dårleg ut. Men etterkvart som rutene dukka fram under mosen steig humøret. Staden er nå den mest besøkte i Nåli. Denne ruta er litt tyngre enn Pussefanten, særlig i starten.
Lars Gjerdåker, mai 94
9. Pussefanten 5+/6- bb snufeste 14 m
Litt vanskeleg i fyrste delen, så berre morosam over det brattaste partiet, til slutt så lett at sjølv - nåvel. Men kjekk! Denne mykje klatra ruta vert berre litt vanskelegare etter kvart som einkilde muskelklatrarar me her ikkje skal namngje riv ut og sparkar av dei beste taka i den vanskelegaste delen. Dei burde heller bruka teknikk. For å koma opp, ikkje for å riva ut og sparka av dei beste taka i den vanskelegaste delen.
Terje Lydvo, Ivar Vatne, mai 94
10. Debut 6 bb 3 tl (5+/6-, 5+, 6) 60 m
Førebels vert Pussefanten nytta som fyrste taulengda. Andre lengda over kulen og lett vidare opp til eit 5+ punkt på blokka under standplass ved stor furu. Fordel å ha veeldig lange armar. Desse to taulengdene kan gåast som ei. Vidare svakt opp mot høgre til toppen. Lause og skarpe flak har rive opp meir enn sko her. Ned att kan ein gå på føtene til oversida av tunnellen. Fyrste ruta heilt opp og heilt i fri i Nåli. Ny start er bora og kan hende opna.
Egil Saue, juli 94
11. Prosjekt bb
Ny start til Debut. Kan hende opna.
12. Prosjekt bb
Går til høgre for toppen av Pussefanten, kan klatrast frå denne, mot høgre til stand på skrånande rampe. Ferdig bora og klatra vidare heilt opp. Kan hende opna. Kvar er informasjonen? Me venter på informasjon.
Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.no | startsida
|