NÅLI I FLAMMAR Nåli frå aust © Ivar Vatne EIN KLATREFØRAR

START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget

STIGEN

På utsida av tunnellen gjennom Nåli går den gamle postvegen opp Stigen. Dette er kulturminneområde. De blei bora ei rute og nokre snufeste her, men VKK har beslutta å fjerna dei, av omsyn til verneinteressene. Før vegen kom, var det ein spanande tur å gå opp til Geilane denne vegen. Postmann Helland, som bur på Horvei, gjekk her fleire gonger i veka med post, men det var før i tida.

Altså inga klatring i denne veggen, og det same kan det vera. Fjellet er ikkje heilt godt her, det skaller av. Jaja, nokre ruter kunne det blitt, men Nåli har så mykje å by på at me godt kan la deler av henne vera i fred.


Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.no | startsida