NÅLI I FLAMMAR EIN KLATREFØRAR
START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget
PILLAREN
Pillaren ligg sentralt i Nåli og er kan hende den største og mest markante formasjonen i berget. Han vart tidleg "sedd på". Første angrepet kom - ja, veit vi det, eigentleg? Det er mykje som skal med her, om historikken skal bli sann og rettvis. Boring på led, teknisk klatring, også om vinteren, over dagar og netter og veker i trekk under stum hoderysting frå Horveifolket, som har montert kikkertar i stoveglasa og slutta å betala fjernsynslisens. Her har det vore redpointing, pinkpointing og, ikkje minst, berre pointing frå betryggande avstand. For ikkje å snakka om - alt det andre. Plukking av utstyr under veggen etter at snøen har gått, til dømes. Det er knytta kjensler til Pillaren. Mykje tyder på det. Les denne føraren nøye, med historikk, rutenamn og kommentarar og det heile, så skal de sjå. Moderne klatring er ikkje utan innslag av kontroversar. Stikkorda er "å bolta", "boltar" og "bolting". Kvar, kvar ikkje, korleis, korleis ikkje, kvifor, kvifor ikkje, kva tid, og av kven? Og kva så? Me tek del i debatten når det passar oss. For sporten si skuld. Debattsporten. Klatresporten veit me ikkje lenger heilt sikkert kva er.
Dette er ikkje Pillaren. Dette er ikkje ein gong ei teikning av Pillaren. Det er ein redigert kopi av eit utkast til ei teikning av Pillaren, og knapt det. Prikkar på ein skjerm, spør du meg. For ikkje å snakka om "Pillaren". "Pillaren" er ikkje nødvendigvis det same som Pillaren. "Pillaren" er berre eit ord. Det same er Pillaren. "Pillaren". Berre eit ord. Pillaren. Les det høgt, og kjenn etter. Det er berre eit ord. Ikkje sant? Som "futeral". Eller berre futeral. Nokre skriv til og med "Futteral". Som i "Pilarren". Uansett. Det kan vera det eine eller det kan vera det andre, alt etter som. Slik er det. Eller ikkje. Vi held oss i alle høve skadefrie. Om de insisterer,kan vi gå med på at "futeral" betyr "sløyve".
1. 7 og tjue 7 bb snufeste 25 m
Det regna. Kraftig. Ingen andre var i nærleiken av å tenka på å klatra i Nåli den dagen. Men det var bursdag og graderinga var klar, rutenamnet ga seg sjølv. Alt stemde. Det var ingen veg utanom.
Ivar Gjerdåker, 3. august 94

2. Cerro Kåre A2+ tekn 3 tl (7 ev. A0, A2+/5, A2) 110 m
Opp dieder i venstre delen av Pillaren. Førstebestigarane leverte topoen til ruta. Lars Rogstadkjernet soloerte ruta året etter førstebestiginga, i mars, utan å vita at ho var gått. Han beskriv henne slik: 1. tl. 50 m. A2 (25 m. på boreboltar, se 7 og tjue) 2. tl.30 m. A2, travers til høgre på hylle ved Boreboltar. eller på skrå opp til venstre over bolten, svært laus A2+ 3. tl. 30 m. luftig A2+ Førstemann kan med fordel reinska mellom boreboltane slik at andremann kan fira seg ut frå desse. Ein bør ha noko til å beskytta tauet med over kanten av overhenget. Utruleg fin rute. 1. og 2. tl. bør gåast utan bruk av hammar og boltar. Retur ned ruta, dersom ein har eit tau festa i 2. stand. Friends, kiler, 2-3 rurps, 2 knivblad (kort og lang), hooks, etc.
Gunnar Karlsen, Tore Tjelmeland, februar 95
3. To følsomme mennesker 7+/8- bb snufeste
Vinteren 1994. To mann var i arbeid med å bolta fyrste ruta på Pillaren, i konkurranse med seg sjølve, med kvarandre, og med nokre til, som var komne langt på ei anna rute i nærleiken. Nok om det. Berre den eine av dei to kunne bli den fyrste til å leia ruta. Og slik blei det.
Audun Igesund, Lars Gjerdåker, mai 94
4. Knehøna 7/7+ bb snufeste 16 m
Linja vart oppdaga og utforska av Tore Gjelsvik og Ivar Gjerdåker og presentert som prosjekt i 1994. Overteken av Lars Gjerdåker i 1997, ferdigbora på same tida som Gullhanen og opna eit par veker seinare.
Lars Gjerdåker, 23. juni 1997
5. Gullhanen 8- bb snufeste 25 m
Alt før boring på led vart det observert spor etter teknisk klatring i denne ruta, så dette vert nok gjenstand for - ja - det er lov å tenka sitt. Ingen kan hindra ein i det. Ei fin frirute vart det i alle fall. Crux'et er rett før toppen, ei dynamisk rørsle i retning av eit godt tak og redninga.
Lars Gjerdåker, Stig Amundsen, 5. juni 94
6. Janteloven 8/8+ bb snufeste 20 m
Tynn veggklatring. Bora på led av Stein Ivar Gravdal og Gunnar Karlsen. Ei lang andre taulengd er så langt me veit prosjekt, men me har høyrt rykter. Sjå også Synd, eller Borebolttragedien.
Gunnar Karlsen, mai -95
7. Synd, eller Borebolttragedien A2 tekn 4 tl (bb, A2, A2, A1) ca 100 m
Bruker Janteloven i ei og ei halv taulengd. 1ste taulengd i boreboltstige. 2ndre taulengd opp "riss", først i boreboltstige, så travers til høgre der risset sluttar, A2 45 m. 3dje taulengd går opp dieder (taubeskyttar ein fordel), gjennom overheng til stand med boreboltar, grad A2. 4de taulengd grad A1. Retur i rappell langs bolteruta, kan enda i friluft og vert kan hende litt besværleg, hugs at Pillaren er jamnt overhengande! Svært fin rute.
Lars Rogstadkjernet, Stig Dørmenen, april 96
8. Prosjekt bb
Informasjon manglar.
9. Buediederet (prosjekt) A2+ tekn 5 tl (bb, A2, A1, A2+, ??)
Lars Rogstadkjernet har erklært dette prosjektet ledig etter å ha soloert det fire og ei halv taulengd. Han ga opp klatringa etter å ha mista utstyr i eit lite inspirerande offwidth riss i 5te taulengda. Fyrste taulengda er felles med rute 8, og er utstyrt med boreboltar. Dei fyrste 4 taulengdene er i fylgje Lars R. vel verde å klatra, og ruta fortener å førast heilt opp. Skal Lars få høve til å gjera det?
Lars Rogstadkjernet, solo (avbrote) april 96

10. Det er ikke størrelsen det kommer an på - A3 tekn 2 tl (A2+, A3)
Bestigerane ville prøva å toppa ruta til Lars Rogstadkjernet (Buediederet). Start fredag, svømmebasseng i portaledgen, opp laurdag kveld. Dei hadde då gått to taulengder som dei ynskjer å definera som ei ny rute, med felles start med Buediederet. Namnet finn si forklaring i siste taulengda, som gjev valet mellom ein mega offwidth (40-50 cm bred og 3-4 meter djup, som sikkert kan gåast usikra og suicidalt i fri) og ein tynn saum mot høgre. Birdbeaks og minikiler, eit og anna hookflytt ikkje til å unngå. På topoen sin viser bestigarane på førebiletleg sett også kvar Lars Rogstadkjernet klatra på sine to turar, markerte som Lars1 og Lars2. Nokre hundre liter stein vart reinska ut (m.a. blokk på 6o liter), men det er framleis nok å ta av - hjelm eit must! Svært fin rute, fantastisk vegg og all ære til Lars R. som ga seg i kast med veggen fyrst, seier bestigarane. Rapell ned ruta, fordel å ha kobla inn tauet på standplass under.
Martin Dahl Grønnevet, Bjørn Kirkhaug 12-13. november 1999
Denne sida vart sist endra 20. januar 2010 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.no | startsida
|