NÅLI I FLAMMAR START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen NÅLIOver Horvei ved Bolstadøyri er det ein halvannan kilometer lang, opp mot nitti meter høg, bratt og sydvend vegg, med eige klimaanlegg. Bra er det, for Bolstadøyri er, saman med Modalen, det nedbørrikaste området i verda, utanom Java. Men Nåli er alltid tørr. Det er ikkje til å tru, men slik er det. Ho er så bratt at regnet ikkje treff henne. Ho fanger opp sola sjølv når sola ikkje skin. Ho vert klatra sommar som vinter, men ingen bør tru de vil få noko som helst godkjend som vinterklatring her, sjølv om det er tjue kuldegrader og dei har aldri så mykje jarn på føtene. Nåli er eigentleg ei feilplassert, spansk klippe. Namnet Nåli kjem av Nådelii, som er lia aust for og over veggen. Nåli er ei li, og ikkje ei nål. Folk som bur her kallar heile berget Nåli. Det same gjer vossingane, som starta klatringa her. At Bergensklatrarane meiner å vita betre lyt ein berre visa forståing for. Potensialet for nye ruter i Nåli er stort. Kan hende det beste likevel vil vera om deler av Nåli får stå i fred. Her er alt ruter nok, og komande generasjonar vil kan hende vera aller mest takksame for alt dei kan finna av urørd terreng. Det er også ein tanke å bevara denne særprega naturperla for sin eigen del. TilgangNåli er utmark, men det ligg hus og gardar rett under veggen. Vis omsyn. Elles går korkje sauer eller kyr opp under veggen meir, og skogen veks til. Det kan vera kronglete å ta seg fram gjennom ura under berget. Hoggormen liker seg godt her. Det kom ein hjort ned Pillaren 27. juli i 2004. Det dett andre ting også. Stein og is. I det heile teke. Slikt lyt me finna oss i. Det er heilt naturleg. Stigen, området ved den innhogde trappa aust for tunnellen, er kulturminne. Det er inga klatring her lenger. Gråberget kan ein nå gjerne ta seg opp til frå vegen vidare inn mellom gardane på Horvei. Grunneigarane har ikkje i mot klatrarar. Somme av dei klatrar sjølve. Ruter og utstyrRutene i Nåli er for det meste bolta, for ein stor del med åtte millimeter boltar innkjøpt av Voss Klatreklubb. Ringane til snufestene kjem frå Helge Stokstad på Osterøy. Naturlege sikringar kan nok leggjast her og der, men det vert ikkje samanhengande ruter av det. Nåli er altså ikkje ei klippe ein treng rack for å besøka. Slynger, derimot, bør ein ha nok av. Sekstimeters tau trengst berre på eit par av rutene, og trengst til nokre av rappellane. Elles er det nok av korte ruter å kosa seg med. Det er også gått tekniske ruter i Nåli, til dels krevjande. OversiktFor å få eit overblikk over veggen kan ein stansa på stamvegen der han går i ein lang slak sving over gamle moreneryggar. Her låg det ei gong gamle gravhaugar. Dei er borte nå.
Vestre delen av NåliFrå den skarpe svingen i Geilanevegen ser ein rett opp mot Filmveggen og, svakt til venstre, den jamnt overhengande, kompakte, litt brunlege Pillaren. Me kan høveleg dela Nåli her, i ein vestre og ein austre del. Vestre delen kjem ein best til frå denne svingen.
Austre delen av NåliAustre delen når ein frå området ved tunnellen, eit par hundre meter over svingen. Her er det parkering rett under rutene i Tunnellveggen. Naturleg nok er dette den mest besøkte delen av Nåli, og rutene står tett. Fylgjer ein veggen vestover frå Tunnellveggen, passerer ein i tur og orden rutene i Fyrsteveggen, rundar hjørnet inn i Skammekroken, og får det noko meir kronglete vidare til Kyrkjo, Palmaveggen og Filmveggen. Dermed er ein over i vestre delen, som ein når betre frå svingen.
Identifisering av ruteneFor kvar del av veggen vert rutene nummererte, frå venstre mot høgre. Så godt som alle rutene er borebolta og godt synlege. Her er det altså berre å telja, og elles samanlikna med rutebeskrivingane. Dette er ikkje den perfekte måten å gjera det på, men litt bal med å finna rutene lyt de ha! Denne sida vart sist endra 4. juni 2014 © Ivar Vatne
|