NÅLI I FLAMMAR EIN KLATREFØRAR
START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken |
Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget
FYRSTEVEGGEN
Fyrsteveggen var meint å vera skodeplassen for fyrste ruta i fri heilt opp i Nåli, og det vart lagt mykje anleggsarbeid i å få det til. Heilt i fri gjekk det ikkje, eit støttepunkt i tredje taulengda måtte til, forbi eit tvilsomt flak, vert det sagt. Nå finnst det dei som har gjort alle rørslene forbi her, har me høyrt. Kan hende det vert forandringar. Me får sjå. I alle høve snik dei seg forbi, den eine etter den andre, under påtrengande gledesytringar. Ikkje noko kjekt for oss andre å høyra på, der me kavar rundt på dei små rutene våre nede ved tunnellen. Men, men. Me høyrer atdei har det kjekt.
Fyrsten er ikkje einaste ruta i veggen. Berget byr på variert, vedvarande og ofte vanskeleg klatring av høg kvalitet, jamnt bratt som det er. Rutene ligg for det meste på 6- og 7-talet, men er godt sikra, med sympatisk avstand mellom boltane.
Ei nyare, flott rute heilt opp må nemnast. Høgt under Taket byr på sensasjonell utsikt i siste delen. Luftig, vil ein tru, slik det ser ut nedanifrå.
Dei fleste rutene er likevel på ei taulengd, for det meste under 25 meter, men det finnst dei som er lengre. Fordel med sekstimeters tau altså, og det er lurt å ta med mange slynger når ein skal i Nåli. Meir informasjon finn du i omtalen av dei einskilde rutene.
1. Forbuden frukt 6+/7- bb snufeste 22 m
Innsteg rundt hjørnet mot Skammekroken. Vedvarande fin rute. Eit par stader der berget er temmeleg blankt vert situasjonen redda av noko så uvanleg som velplasserte lommar i fingerleddstorleik. Morosamt.
Ørjan Andersen, Ole Christian Hillestad, 97
2. To floger i eitt smekk 7- bb snufeste 20 m
Opp kanten mellom dei to naborutene, cruxete. Vart sedd på våren 98, før regntida sette inn. Til slutt klarna det opp, og Jon Olav sette snufeste, topptaua, tenkte gjennom bolteplassering, bolta og opna ruta ein lysande klar laurdagskveld i august. Elegant rute. Det nye snufestet opnar for ei lettare løysing i ruta til høgre. Takk, Jon Olav!
Jon Olav Ringheim, 29 aug 98
3. Utan namn 6+ bb snufeste/standplass 28 m
6+ i toppen, før det er det fin, lettare klatring. Ein kan nytta snufestet for ruta til venstre dersom ein ynskjer å snu før sekserklatringa, ruta vert då 20 m. lang, og ypperleg å topptaua på for dei som ikkje har klatra så lenge. Det eigentilge snufestet ligg ut og opp til høgre. Det vert nytta som standplass for rutene vidare oppover. Herifrå treng ein 60-meters tau for å verta fird ned att til bakken. Javel, det går så vidt med 50-meters tau, men då må sikraren kliva opp den lette delen i starten.
Audun Igesund, Ivar Gjerdåker, 1. juli 95
4. Utan namn 6+ bb. 3 tl. (6+, 6+, 6)
Som fyrste taulengd nyttar ein rute 3. (6+) eller rute 7. (7-/7). Held fram med to taulengder (6+, 6) utover mot venstre. Det er på ein måte samling av ruter i desse to taulengdene. Undervegs forgreiner dei seg att. Det er forvirrande, ikkje å klatra, men når ein skal skriva førar og passa på at alt vert rettvist.
Audun Igesund, Helge Stokstad, Bjørn-Eivind Pedersen
5. Tore sitt prosjekt bb 2 tl
Vidareføring av rute 3. og 4. heilt opp. Tore Brekke hadde bora og gått det meste av ruta då han omkom i ei ulukke på Nigardsbreen hausten 95. Han skal også ha laga eit rappellfeste rett under prosjektet, til venstre for dei andre rutene. Kan hende han planla ny rute her.
Tore Brekke, haust 95
6. Høgt under taket 7 bb 4 tl (6+, 6+, 7, 7-) 110 m
Fyrste og andre taulengdene fylgjer rute 3. og 4. (6+, 6+) Rute 7. kan også nyttast (7-/7) så går ein rett opp (7), siste taulengda opp under takoverhenget i høgre side og ut leppa til venstre (7-). Panoramautsikt (luftig). Gjenstand for lovprisningar frå dei som har klatra ruta. Retur: to 50-meters rapellar til bakken, den fyrste noko luftig, hugs knute på taua!
Ivar Gjerdåker, Lars Gjerdåker
7 storvisiren 7-/7 bb 25 m
Snufeste felles med rute 3.
Ivar Gjerdåker
8. Tore si rute 7- bb 23 m
Fin rute som diverre er utan snufeste. Boltane er på plass, men ringane manglar. Dette vil bli retta opp, har det blitt lova, men det er alt ei stund sidan.
Tore Brekke, sommaren 95
9. Baronen 7 bb 2 tl (7, 7) 58 m
Flott rute. 60-meters tau! Opna i to omgangar, Lars Gj. var med på opninga av 2ndre tl. Retur: to 30-meters rapellar.
Ivar Gjerdåker, Tore Gjelsvik, Lars Gjerdåker, 4. august 94 og seinare
10. Pausekameratene 6 bb 22 m
Fin rute, tynn eit stykke midt i. Fordel å vera lang. Eller kort. Men ikkje midt imellom, diverre.
Hasse Jørgensen, Ivar Gjerdåker, 29. juli 94
11. Periculum 7-/7 bb snufeste 23 m
Ikkje spør om namnet. Førstebestigaren veit det godt, men forklaringa vert så lang.
Lars Gjerdåker, juli 94
12. Fyrsten 7/A0 bb 3 tl 90 m (6+, 7-, A0/7-/7)
Fyrste prosjekt heilt opp i Nåli. Bora ovanifrå. Ta med 16 slynger eller meir støttepunkt i tredje taulengda. Det finnst dei som har gått alle rørslene i fri. Tvilsomt flak ved A0-punktet. Ruta ventar på fri bestigning og/eller endring, ho kan plutseleg verta lettare, eller vanskelegare. Fyrste taulengda vert ofte klatra, ikkje alltid med hell, hyppige mandagskarabinar under crux'et tyder på det. For dei som klatrar heilt opp er det retur til fots, elles to rappellar med dobbelt 50-meters tau, fyrst til andre stand, vidare nestan til bakken, om ein er tung nok. Med enkelt 60-meters tau kan ein gjera tre rapellar, siste via Baronen.
Ivar Gjerdåker/ Lars Gjerdåker, juli 94
13. Mann med hatt 5+ bb snufeste 23 m
Jamnt vekslande mellom belter med tynne, gode og gripande gode tak. Flott rute på sin grad. Mange prøver ei trang mantling i øvre delen, dei vert gjerne ståande lenge og vippa før dei dett. Førstebestigaren har stor glede av dette, der han ruslar rundt nede ved tunnellen og pensjonerer seg.
Ivar Vatne, 8. august 94
Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.no | startsida
|